Følg

Kven kan få inntekt frå bingo?

Alle lotteriverdige organisasjonar kan søkje om å få arrangere bingo sjølve, og må då stå for alt det praktiske med arrangementet. Dette kallar vi foreiningsbingo.

Lotteriverdige organisasjonar kan også søkje om løyve til inntekter frå bingospel som profesjonelle entreprenørar arrangerer i bingohallar. Dette kallar vi entreprenørbingo.

Organisasjonen kontaktar bingoentreprenøren, som sender samla søknad til Lotteritilsynet. Det er eit krav at organisasjonen har aktivitet i det området bingohallen ligg.

Les meir om bingo

»» gå tilbake til www.lottstift.no
Levert av Zendesk