Følg

Kven kan arrangere smålotteri?

Frivillige lag og organisasjonar kan arrangere mindre lotteri utan løyve. Dette gjeld sjølv om dei ikkje er godkjende som lotteriverdige av Lotteritilsynet.

Inntektene kan ikkje gå til kommersielle føremål eller offentlege oppgåver. Smålotteri kan ha ei omsetning på inntil 200 000 kroner per år.

Sjølv om du ikkje treng løyve, må det sendast melding til Lotteritilsynet om lotteriet seinast 14 dagar før lotteriet blir arrangert. 

Les meir om smålotteri

»» gå tilbake til www.lottstift.no
Levert av Zendesk