Følg

Kva for gevinstar kan nyttast i lotteri?

Gevinstane må generelt vere lovlege å omsetje. Levande dyr er forbode å ha som gevinst.

Alkoholhaldige drikkevarer kan heller ikkje nyttast, med unntak av private lotteri eller møtelotteri der ålmenta ikkje har tilgjenge. Det er ein føresetnad for unntaket at det dreier seg om ein liten arbeidsplass, eit kor, ein syklubb eller liknande, og at berre dei som tilhøyrer den lukka gruppa av tilsette, vener eller medlemer deltek.

Pengar er også forbode å ha som gevinst. Unntak gjeld for store lotteri med omsetning over 200 000 kroner der Lotteritilsynet føretek trekninga, og for førehandstrekte skrapelotteri og bingo.

»» gå tilbake til www.lottstift.no
Levert av Zendesk