Følg

Kan eg arrangere fiskekonkurranse med deltakeravgift og premier?

Lotteritilsynet er kjent med at det i dag blir arrangert fleire typar fiskekonkurransar rundt om i Norge. Med deltakeravgift og premier kan desse likne på lotteri som krev løyve frå Lotteritilsynet etter lotteriloven § 1 første ledd a som seier at eit lotteri er ei verksemd der det er innskot, gevinst og heilt eller delvis tilfeldig utfall. Vår vurdering er at vanlege fiskekonkurransar ligg på sida av det lotterilova er meint å omfatte, og vi stiller difor ikkje krav om løyve til desse.

Dette betyr at Lotteritilsynet i dag har lagt seg på ein praksis der vi ikkje vurderer fiskekonkurransar som lotteri. Du må difor ikkje ha løyve etter lotterilova for å arrangere ein ordinær fiskekonkurranse med deltakeravgift og premier.

Vi tar atterhald om at det kan dukke opp fiskekonkurransar som har så stor likskap med lotteri at vi vil kunne komme til eit anna resultat.

»» gå tilbake til www.lottstift.no
Levert av Zendesk